vidda-vinn

12/11/2012

Vidda vinn på Haukelifjell

Er du på biltur over Haukelifjell? Eller kanskje du er på hytta i Vågslid? Uansett må du prøve den nye turvegen som slyngar seg som ei perlesnor langs elv og fjellvatn.

Den 1,3 kilometer lange rundturen passar like perfekt om du treng ein strekk på beina etter timar i bil – eller om du pakkar sekken og tek med heile familien på dagstur. I lett høgfjellsterreng går turvegen vakkert gjennom lun fjellbjørkeskog, langs skummande elveløp og forbi blenkjande fjellvatn.

Rundturen byrjar ved Arbuvollen fjellbutikk. Langs vegen finn du både utsiktspunkt, grillplass og fiskeplass. Dette er ein turveg tilpassa dei aller fleste. Her kan småbarnsfamilien ta med minsten i barnevogna og rullestolbrukarane lettvint kome seg fram til både fiskeplass, utsiktspunkt og grillplass.
- Strekninga for rullestol går på asfalt og grus, og har ein stigning på 1:33 over 500 meter, fortel Guro Lien som er ansvarleg for gjennomføringa av turvegen. Lien er leiar i prosjektet «Vidda Vinn», som er eit samarbeid mellom Vinje og Tinn nasjonalparkkommunar. Deira hovudmål er å setje Hardangervidda nasjonalpark på kartet; på ein slik måte at både villrein, grunneigarar og reiseliv rundt vidda – ja, nettopp, vinn.
Sjølv om turvegen no er ferdigstilt, skal prosjektet vidareutviklast med informasjons-, aktivitets- og opplevingstiltak i samband med vegen – tiltak som særskilt skal bli retta mot born.

TURVEG FOR ALLE. Saman med dotter og småbarnsmor Gyri Midtveit, testa 72 år gamle Margit Midtveit den nye vegen. Grunna sjukdomen multippel sklerose har ho mått nytte rullestol i omlag 22 år. I ein slik situasjon er det særskilt utfordrande å kome seg ut i terrenget, derfor betyr ein slik veg som dette mykje
for Margit.

- Kva synest du så om den nye turvegen i Vågslid?
- Veldig fin, seier Margit, – mogeleg at det blei litt tungt for den som skuva meg opp bakken, men eg syns det var ein flott veg.
Margit samlar energi av fjelluft og duftane i naturen. Bålkos i lag med familie og vener er høgt prioritert. Heilt frå barnsbein av har ho vore mykje ut i naturen, og vil at rullestolen skal begrense henne minst mogeleg.
- Med ein slik tilrettelagt veg kjem også rullestolbrukarar seg rundt og kan plukke bær, blomar – ja, nyte naturen mest som funksjonsfriske, seier Margit.
- Kva betyr naturen for deg?

- Mykje! Eg får mykje energi av å kjenne frisk luft, duftar i naturen og dele opplevingar med familie og vener. Eg skulle også gjerne vore på moltetur – akkurat det saknar eg. Men det har hendt eg har plukka litt ved å krabbe rundt i myra. Litt strevsamt, men god trim, avsluttar Margit smilande.

LETT TILKOME. Turvegen ligg lettvint til nær E 134. Om du kjem frå Haukeli sentrum fyljer du E134 vestover. Etter cirka 16 km, tek du av til venstre ved Arbuvollen fjellbutikk, som ligg like før Haukelifjell skisenter. Her finn du stor parkeringsplass, sesongopen daglegvarebutikk og toalett.
Turvegen byrjar til venstre for parkeringsplassen og går nedover bjørkeskogen.
- Kjem du med rullestol, går du motsett veg; følg asfaltvegen til høgre for fjellbutikken og ned til Arbuvatnet, seier Guro Lien, som vonar at vegen vil bli nytta mykje og av mange framover.